Visste du at...
...det fins meir enn 60 millionar oliventre i Puglia på eit område som er nesten 4 millionar dekar stort?
D’uggh er 100 % italiensk og brukar kun coratina-oliven frå Puglia.
...coratina er kjent som dronninga av olivenoljane frå Puglia og har meir enn tre (3) gonger så høgt polyfenol-nivå som andre oliventyper.
D’uggh brukar kun coratina-oliven for helse og smak. Det høge nivået av polyfenolar (kraftige antioksidantar) og den låg surhetsgrad gjev ein veldig næringsrik, smaksrik og kvalitetsrik olivenolje.
...ein ekstra jomfru olivenolje som blir produsert av gode oliven på rett modningsnivå, med gode teknikkar for både innhausting og lagring, har låg surhetsgrad?
Låg surhet er ein indikasjon på god kvalitet. Surheten til ein olivenolje måler mengda feittsyrer som har skilt seg frå glyserol. Dess færre feittsyrer som har skilt seg, desto meir intakt er oljemolkylet og surheten dermed lågare. Surheten kjenner du ikkje på smak, men ser kun ved analyse. EU sitt minimumskrav er 0,8 for å kalle det ekstra jomfru olivenolje og verdiar 0,3 – 0,5 blir reikna som veldig god kvalitet. D’uggh sin monocultivar coratina olivenolje låg ved siste analyse på 0,2!
...den kraftige og karakteristiske smaken til coratina er ein indikasjon på unike egenskapar som er viktige for helsa di?
Coratina kan vere kraftig i smaken for dei som føretrekker olivenoljar utan særpreg og rik smak. Det er synd fordi coratina har heilt unike egenskapar som er bra for helsa di og små mengder coratina olivenolje er nok til å gje måltidet ditt ekstra karakter. Coratina er rik på polyfenolar, som er molekyl som fins i planter og som representerar særs viktige antioksidantar som forsvarar kroppen – og som gjev den karakteristiske smaken. Coratina har tre (3) gonger høgare polyfenol-nivå samanlikna med andre oliventyper. D’uggh er 100 % coratina (monocultivar).
…det er ein veldig viktig grunn til at D’uggh brukar kanner til olivenoljen vår?
For å ivareta dei ernæringsmessige og sensoriske eigenskapane til ein utmerka ekstra jomfru olivenolje er det nødvendig å bruke emballasje som beskyttar den mot kontakt med luft og ljos fram til inntak. D’uggh brukar kanner av blekkplater som ikkje slepper inn gassar, luktar eller ljos som kan påverke kvaliteten og smaken til olivenoljen.
...D’uggh monocultivar ekstra olivenolje kan brukast til alt?
D’uggh burde brukast til alt fordi den er veldig sunn. Den er også veldig smakfull og nokre bruksområder framhevar sjølvsagt olivenoljen særs godt. Den er for eksempel ekstra god på dampa grønsaker, salatar med tomat og supper av belgfrukter – eller rå på grilla kjøtt og eldre ostar. Olivenoljen reagerar stabilt på både oksygen og høge temperaturar ved steiking. Det høge nivået polyfenolar som gjer den ekstra sunn og næringsrik, held seg ved steiking på grunn av stabiliteten.
...26. november er verdens oliventredag?
Sidan 2019, då UNESCO erklærte det på generalforsamlinga si, har 26. november vore verdens oliventredag. Det er særleg oliventregreina som held ein spesiell status som eit symbol på fred, visdom og harmoni – for folk og samfunn på rundt heile jordkloden.
I Puglia reiknar dei oliventreet som ein 3000 år gamal skatt og levande monument som fortel ein lang historie om bruk og nytte av oliven. Det fins også områder i Puglia med slike såkalla tusenårstre som er verna av UNESCO.
Målet med dagen er å setje fokus på viktigheten av vern av oliventre og dei verdiane dei representerar, for å verdsetje den sosiale, kulturelle, økonomiske og miljømessige verdien dei har for menneskeheten.