1) Unik smak: D'uggh monocultivar coratina ekstra jomfru olivenolje gjev ein brei sansemessig profil med ein intens, fruktig smak, rik aroma og ein harmoni av bitterhet og krydder. Den typiske, kraftige smaken til coratina kjem frå det høge nivået av polyfenolar, også kjent som kraftige antioksidantar.
2) Meir næringsrik: Monocultivar coratina oliven blir sett på som noko av det viktigaste Puglia-regionen kan by på. Med sin karakteristiske smak er coratina den mest nærinsrike oliventypa du kan finne på grunn av nivået av polyfenolar som er opptil tre gonger høgare enn andre typer. Polyfenolar er naturlege antioksidantar og er bra for kroppen. På same tid som dei er nyttige og gode for kroppen, er dei også nyttige for å halde den gode smaken lenger og hindre oksidering - heilt naturleg.
3) Fyrste kaldpressing: Marknadsføring av olivenolje i Europa er regulert av EU (29/2012) som seier at kun olivenoljar som er utvunne frå fyrste pressinga (første kaldpressing, førstegangs kaldpressing) av olivenmasse under 27 grader gjennom bruk av tradisjonelle, mekaniske presser kan bruke indikasjonen ‘fyrste kaldpressing’. Dette blir reikna som eit nisjeprodukt av beste kvalitet halde i hevd av kjennerar og håndverkarar der dei fleste har modernisert produksjonen. D’uggh hentar ut sin ekstra jomfru olivenolje kun ved bruk av fyrste kaldpressing.