Aasmund møtte Maria i Sør Sudan i 2012 gjennom humanitært arbeid. Med utfordrande levevilkår var det viktig å finne trivsel. For Maria var svaret ei stor flaske ekstra jomfru olivenolje frå familiepressa i Puglia, Italia, så ho kunne eta godt. Aasmund, derimot, vaks opp med smør og lika aldri olivenolje, men etter å ha smaka på oljen frå flaska til Maria, endra han meining. Resten er historie. Sidan den gongen har olivenoljen alltid vore med når kofferten blir pakka – uansett destinasjon. Intensjonen var aldri å importere ekstra jomfru olivenolje, kjent som ‘d’uggh’ på lokal dialekt i Andria, men sidan 2012 då den fyrste kanna med olivenolje kom til Vinje i Telemark for eige bruk, har førespurnadane auka frå slekt og vener som ikkje vil ha anna olivenolje enn nettopp denne. Interessa for denne autentiske, heilt reine, næringsfulle og tradisjonsrike olivenoljen frå Puglia, regionen som produserar meir enn halvparten av italiensk ekstra jomfru olivenolje, har sidan spreidd seg utanfor Vinje.
Miccoli er ei tradisjonsrik olivenpresse som har stimulert kritiske ganar i Andria sidan 1870, med ‘fyrste kaldpressing’ av ufiltrert ekstra jomfru olivenolje gjennom bruk av eit tradisjonelt ekstraksjonssystem der temperaturen på ekstraksjon er under 27 grader. Miccoli nyttar hovudsakleg coratina-oliven dyrka i Andria i området rundt Castel del Monte, kjent for ei unik åttekanta borg verna av UNESCO. Coratina gjev ein gul-grøn, aromatisk olivenolje med fruktig, djup og intens smak som passar til det meste.